Gå til hovedinnhold
Nettleseren du benytter deg av, støttes ikke lenger av Nordnet. Klikk her for å se hvilke nettlesere vi støtter og anbefaler at du bruker.

Borea Nordisk Utbytte passerar milliarden

Det har vore eit godt år for finansaksjar, og ikkje minst for andelseigarane i Borea Nordisk Utbytte. Fondet (andelsklasse N), som starta 12. desember i fjor, har i løpet av dei første 250 dagane (per 19. august 2025) levert ei avkastning på 34,6%. Det er betre enn alle andre norske utbyttefond, og både Oslo Børs og nordisk indeks. På Nordnet rangerar fondet som sjette beste hittil i år, av 851 fond, bak fire fond som investerar i gull og sølv, og eitt som investerar i våpen.

Med både god avkastning og sterk interesse frå kundar, passerte fondet i førre veke ein milliard kroner i forvaltningskapital.

Figur 1: Avkastning sidan oppstart av Borea Nordisk Utbytte, samanlikna med børsen generelt og fond som investerar i utbytteaksjar og eigenkapitalbevis

Kjelder: Bloomberg, Borea Asset Management

Borea Nordisk Utbytte er ei vidareføring av vår satsing på finansnæringa, tidlegare gjennom fondsobligasjonsfondet Borea Obligasjon og Borea Utbytte. Fonda har gitt god avkastning over tid, og nedst i denne bloggen har me linka til nokre artiklar om dette. Medan desse to fonda erspesialfond medmånadleg likviditet, høve for låneopptak og minsteinvestering på éin million, er Borea Nordisk Utbytte eit UCITS-fond. Dette betyr at fondet har dagleg likviditet, minsteteikning på ein hundrings, strengare krav til diversifisering, og dermed passar betre for folk flest.

Grunntanker er derimot den same:norske og nordiske finansaktørar, i hovudsak bankar og forsikringsselskap, har skapt store verdiar over lang tid. Forretningsmodellane gir ein stabilitet i resultata og dei opererer ikkje minst i sterkt regulerte marknader der befolkninga er støtta av sterke velferdsstatar. Det siste poenget er viktig: bank handlar om makrorisiko. Om folk har eit sikringsnett, er det mindre sjanse for personleg ruin. Vår hypotese er at dette gir både færre misleghald i boligmarknaden, men óg betre stabilitet for næringslivet.

Når fondet no har gjort det bra er det både som følgje av gode resultat frå selskapa, samt auka risikovilje i marknaden.I første halvår har både bankar og forsikringsselskap levert gode tal. Bankane nyt godt av fortsatt høge renter, sjølv om kutt frå sentralbankane utanfor Noreg bidrege til litt svakare marginar i Norden. Her heime har óg rentemarginane falle litt, men i det store biletet leverer både norske og nordiske bankar god avkastning på eigenkapitalen. Framover ventar me noko meir marginfall, medan volumvekst bidreg til å halde inntektene relativt stabile. Me opplever at dette er noko analytikarane har bakt godt inn i sine anslag på framtidige bankresultat.

Figur 2: Avkastning på bokført eigenkapital (annualisert, %)

Kjelder: Bankane, Borea Asset Management
Merk: enkelte sparebankar hadde ekstraordinære inntekter i kvartalet, og tala er ikkje justerte for desse

Forsikringsselskapa nyt godt av reprisinga dei har gjennomført dei siste åra. Bakgrunnen er mellom anna auka utbetalingskrav etter pandemien, og særleg innanfor bilforsikring har ein auka elbil-andel og kostnadsinflasjon vore negativt. Som ein respons har forsikringsaktørane gjennomført betydelege prishopp, og det held dei framleis på med. Når utgiftene til skadar stabiliserar seg, medan inntektene auka, gir det pengar i kassa. Grafen under viser “combined ratio”, eit mål på kor stor andel av forsikringspremiane som forsvinn til utbetalingar og kostnader. Jo lågare tal, jo meir er til overs til aksjonærane.

Figur 3: Combined ratio i nordiske forsikringsselskap (%)

Kjelder: Selskapa, Borea Asset Management

Med gode resultat har investorane omfamna aksjane. Det har medført høgare prising, som vist av grafen under. Der bankane nok skal ha flatare resultatutvikling framover, trur me på fortsatt vekst i forsikringsresultata. Både kursoppgangen og veksten i forventa inntening vore høgare for forsikringsselskapa enn bankane hittil i år, som vist av dei blå og grøne stolpane i grafen under.

Høg vekst kan bidra til å rettferddiggjere høgare prisingsmultiplar. Den relative prisinga, her målt ved pris delt på forventa inntening, har auka med 15-20% for finansaksjane i år. Det tilsvarar den relative prisauken på Oslo Børs, medan Norden og USA har hatt ei flatare utvikling. I dag er bankane prisa til om lag 10 gonger forventa inntening, forsikringsselskapa på 17-18 gonger, Oslo Børs er på 12-gongern medan USA er prisa på 22 gonger forventa inntening neste 12 månader.

Innanfor banknæringa er me i dag vekta tyngst mot dei nordiske storbankane. Både fordi ein (truleg) har kome lenger i rentekutta utanfor Noreg, men óg fordi eksempelvis DNB og Nordea den siste tida har vore prisa til ein rabatt mot sparebankane. Tilsvarande har me vekta oss opp i desse namna i (spesialfondet) Borea Utbytte.

Figur 4: Endring i aksjekurs, forventa inntening og forholdstalet mellom desse

Kjelder: Selskapa, Borea Asset Management

Figur 5: Pris / Inntening (P/E) for utvalgte bankar

Kjelder: Bloomberg, Borea Asset Management
Inntening er forventa inntening neste 12 månader, av analytikarane

Sjølv om me har fått ein pangstart, gjer ikkje dette oss bekymra for utviklinga vidare. Tvert imot er me svært optimistiske på næringa si evne til å skape gode resultat i det lange løp. Kva som skjer neste veke eller neste månad er styrt av psykologi og umogleg å forutsjå. Men selskapa i Borea Nordisk Utbytte har i gjennomsnitt eksistert i 166 år. Det er ein indikasjon på at dei gjer noko rett, og med Borea Nordisk Utbytte kan du no eige ein del av desse selskapa.

For full avkastningshistorikk og fondsinformasjon, sjå våre nettsider.

Med venleg helsing
Magnus Vie Sundal, CFA
Porteføljeforvaltar, Borea Asset Management


Historisk avkastning i fonda våre er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutvikling, dyktigheita til forvaltarane våre, risikoen i fondet, samt kostnader ved teikning, forvaltning og innløysing. Avkastninga i fonda våre kan bli negativ som følgje av kurstap. Informasjon om fonda våre er å rekne som marknadsføring. Effektiv rente kan endre seg frå dag til dag, og er difor inga garanti for avkastninga i perioden ho er utrekna for. Investorar som vurderer å investere i fonda våre vert oppmoda til å lese nøkkelinformasjon og prospekt på borea.no/fondene.

Er du ikke Nordnet-kunde? Bli kunde her.

I kommentarfeltet nedenfor kan du kommentere innholdet i dette blogginnlegget, og ta del i andre leseres kommentarer. Kommentarene representerer ikke Nordnets meninger. Nordnet gjennomgår ikke kommentarene før publisering, men fjerner upassende kommentarer hvis det forekommer. Vil du vite mer om hvordan Nordnet behandler personopplysningene dine, klikk her.

Abonner
Gi meg beskjed
guest
0 Kommentarer
nyeste
eldste mest stemmer
Se alle kommentarer