
Charisman
Følgere
Følger
2 stars
Vurdering
Småsparar. Eg debuterte i aksjer 28.02.22. Draumen er 10% årleg vekst. Eg eig eit hus og har pengar på høgrentekonto. Kapital investert i aksjar utgjer om lag 20% av verdiane mine. Så ein relativt konservativ investor. Etter 18 mnd kvitta eg meg med fonda fordi det var altfor keisamt, sjølv om dei gjekk godt. Eg har primært handla 3 typar aksjar:
1. Aksjar som gir utbytte i havindustri (olje, gass og frakt). Desse klarer eg å følge med på og forstår nokonlunde kvifor dei går opp/ned. Forsøker å trade av og til med blanda hell.
2. Aksjar som er spådd framtidig oppside, som er i ingenmannsland ved kjøp, uavhengig av utbytte: Primært bank (ca 5% årleg utbytte), eigedom, varehandel og SaaS.
3. Tradisjonsrike, trauste og svært volatile selskap som eg ikkje trur går dukken så lenge eg lever. Trader desse med ujamne mellomrom.
På seinsumaren i 2023 reallokerte eg kapital og hadde stort sett minst 10% frie kontanter som eg tradet med når eg følte meg trygg på at det eg kjøpte skulle opp innen 30 dagar.
Eg har ikkje råd til å tape kapitalen eg gjekk inn med, men eg har tid til å vente på overskot. Etter nøyaktig 22 mnd utgjorde uskatta utbytter eit tillegg på om lag 14,7% (etter fratrekk av handelsavgifter) av dei frie pengane eg hadde satt inn. Reinvesteringane gjekk dårlegare og eg hadde ein samla papirverdivekst på om lag 9% etter nøyaktig 22 mnd.
Frå april/mai 2024 har eg kjøpt eller fylt på i selskap eg har trua på og kvitta meg med nokre av dei største tapsprosjekta. Det meste er på IKZ. Per september 24 er største postane Eigedom (37%) KMCP og PPG, Varehandel (27%) Norsk Titanium, HAV Group og Otovo og Offshore Transport (29%) BW LPG, Himalaya Shipping og Frontline.
Etter 2,5år utgjer uskatta tilbakebet/utbytte (minus handelsavgifter) eit tillegg på om lag 20% av innskote beløp. Dette har blitt reinvestert og samla papirverdi dansar på jamna mellom 21% og 24% i pluss totalt sidan starten.
Etter valet i USA i nov. 24 trudde eg på vekst og skaut inn meir pengar. Eg var for altfor utålmodig og investerte for tidleg. Ingen samla målbar verdivekst i 2024 og 2025, men fleire aksjar i enkelte selskap via investering av utbytter. Beste investeringa i 2024 var Lea Bank. Ein liten post med 88% gevinst. Per 14.05.25 er fordelinga slik: Offshore transport 38% er Himalaya Shipping, Frontline, MPCC og Wallenius Wilhelmsen. Eigendom 33% er Logistea B og A samt Pioneer Property Group. Varehandel 25% er Norsk Titanium, Otovo, HAV Group, Elliptic Laboratories og VOW. 2% er Vår Energi. 2% er DOF Group. Framleis kun 19% vekst totalt på 3 år og 3 mnd. Så...som å ha pengane på høgrentekonto, men gøyare.
Logg på Shareville for å se beholdning.
Logg inn
Børshandlede
Vekting
GAV
Avkastning
U
Unity Software Inc
100,00%
1,00 SEK
+13,80%
W
Walt Disney Company (The)
14,10%
100,00 SEK
+1,40%
C
Chewy, Inc. Class A
12,70%
1,00 SEK
+25,50%
D
Dometic Group AB
11,00%
1,00 SEK
+42,30%
H
Hims & Hers Health, Inc. Class A
8,50%
1,00 SEK
−22,10%
A
Airbnb, Inc. - Class A
7,20%
1,00 SEK
+56,12%
F
Facebook A
5,50%
1,00 SEK
+5,50%
S
Sea Limited American Depositary Shares
3,30%
1,00 SEK
+35,80%
Fond
Vekting
GAV
Avkastning
T
TIN Ny Teknik A
12,60%
1,00 SEK
+35,80%
L
Lannebo Teknik
9,60%
1,00 SEK
+35,80%